I forbindelse med black lives matter er det utgitt en rekker bøker som tar for seg rasisme. Under finner du to av dem. De er korte, relativt lette å lese og gjør inntrykk. Dette er et virkelig godt tema til fordypning. Diskuter problemstilling for oppgaven med faglærer.


Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann (nyn). Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var ein kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå. Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupen. Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast? Omtalen er utarbeidet av BS.
Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida (nyn). Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge? (Forlagets omtale)